Her gjengjev me talen ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, framførte då Sleppet 
opna på Lydgalleriet og Galleri 3, 14 i Bergen tidlegare denne månaden.
 
Kjære 
styreleiar i Grieg 07 
lydkunstnarar 
lydvenner 
Edvard Grieg skriv i eit brev: 
”Men - også i min kunst kunne jeg ikke unnlate å søke et uttrykk  for den ville 
musikk i havets brusen, akk det var forgjeves. Jeg følte til bunns umuligheten 
av å bringe denne kjempeakkord i toner. Det var i denne susen og brølen  noe så 
uendelig at det forekom meg formastelig et øyeblikk å dvele ved tanken om å kunne 
gjengi den. Dog, også her fant jeg trøst: Ikke den materielle virkning, men refleksen 
av de følelser den oppvekker, er det kunstnerens oppgave å gi, og gjøres dette 
med genialitet, er inntrykket like 
guddommelig tross den mangel på massevirkning som er naturens egen.” 
Edvard Grieg var ein komponist som hadde ein stor interesse for lyder han 
fant i møte med naturen og folkekulturen. Grieg var ein samlar av norsk naturklang 
– ein klangsamlar – og vi finn døme på dette i hans bruk av folkemusikalske element 
og i tonebilete som etterliknar og omarbeider 
inntrykk frå norsk natur. Fuglesong, fossefall, regn og fjell får plass i komposisjonane 
hans, og lyttarar har fått genuine opplevingar av natur gjennom Griegs musikk. 
Når Grieg 07 inviterte seks internasjonalt omtykte lydkunstnarar til å la seg 
inspirere av norsk natur og folkeliv 100 år etter komponistens død, var det ikkje 
overraskande at dei valte Sogn og Nordfjord som utgangspunkt for 
feltopptaka. Naturen vi finn i fylket vårt gir lydkunstnarane ein stor palett 
å leike med: Frå kalvande brear inst inne i fylket, til fjelldalar, skogsvatn, 
elvesusing, dråpedrypping, sandtak og fossefall, badestrender, fjøs, fuglekvitter 
og til bølgjene og vindkasta ytst i fylket – ut mot havet. 
Vi er stolte av at kunstnarane i særleg grad henta inspirasjon frå Gloppen. 
Det er ikkje kvar dag at det kjem eit knippe internasjonale lydkunstnarar inn 
på fellesfjøsen på Bø, eller i sauefjøsen til Anders Fitje, med avanserte lydopptaksinstrument. 
Det var også eit pussig syn å sjå ein engelsk lydkunstnar ta opp lyden av sand 
i sandtaket på Sandane. For ikkje snakke om når ein tysk lydkunstnar tok til å 
slå gråstein mot kvarandre i Våtedalen for å finne steinane som har den beste 
lydkvaliteten! 
Med lokal kjennskap til stiar og fjellvegar, og ikkje minst lokal ornitologisk 
ekspertise i Svein Hjelmeset, fekk lydkunstnarane tilgong til eit breitt spekter 
av norske lydar. Lydar vi som bur i Gloppen høyrer kvar 
dag, men som vi kanskje ikkje alltid legg merke til. 
Vi takker lydkunstnarane for at dei har gjort oss merksame på vårt eige landskap 
– vårt lydlandskap, på ein ny måte. 
Kjære lydvenner, 
med dette har eg æra av å opne lydkunstutstillinga ”Sleppet – The Sound of Norwegian 
Spring”!